Ørsta og Volda Ballettskole – 40 år med danseglede
- Mar 18
- 3 min read
Ørsta og Volda Ballettskole har i 40 år vært en viktig arena for dans, fellesskap og kunstnerisk utvikling på Søre Sunnmøre. Gjennom frivillig innsats, høy faglig kvalitet og et sterkt lokalt engasjement har skolen skapt danseglede for generasjoner av barn, unge og voksne. Her deler styreleder Synnøve Rekkedal Hill historien om et ekte danseeventyr.
Ballettskulen, som den går under, vart oppretta for 40 år sidan som ei underavdeling av Ålesund Ballettskule.
Etter fire år vart den eigen skule og med det eigen tilsett ballettpedagog frå England. Elevtalet var ikkje så høgt, og skulen samarbeidde med kor for å sette opp framsyningar. Det fungerte fint.
På slutten av åtti-talet flytta Ballettskulen inn i Tricobygget, ein tidlegare trikotasje fabrikk, og der held skulen framleis til.

Skulen er frivillig driven, eit styre av foreldre / besteforeldre står ansvarleg for drift, økonomi, personalansvar og oppsetting av framsyningar. Styreleiar er u-løna rektor i full stilling. No har skulen tre svært godt utdanna pedagogar og fem assistentar som er elevar i
skulen med lang danseerfaring. Dei tilsette har løn etter tariff. Skulen har tre fine studio, fire kostymerom, garderobeavdeling og venterom for foreldra. I tillegg har ein laga til fin leilegheit som pedagogar frå utlandet disponerer.
Dei siste 10 åra har skulen hatt om lag 360 elevar kvart år, i alderen 5 til 19 år, i tillegg har skulen vaksentilbod innan jazz og ballett.
Ballettskulen fekk Møre og Romsdal Fylke sin Kulturpris for 2025, den fyrste gitt til dans. Det var vel fortent. Skulen har ikkje offentleg støtte til drift, utanom vaksenopplæringsmidlar for klassene med elevar over 14 år, etter søknad. Siste åra har skulen fått litt integreringsmidlar fordi skulen har jobba aktivt og målretta for å inkludere flykningar og born av familiar som treng økonomisk støtte
for å delta.

Elles skaffar skulen midlane ved å søkje fleire stadar. Td er Sparebankane gode støttespelarar.
Ballettskulen set opp tre store framsyningar kvart år, to vårshow, eit for ballett og contemporary og eit for jazz, hip-hop og latino. I desember set ein opp Vintermatiné for alle dansarane.
Framsyningane er alltid utselde. Skulen har eit enormt kostymelager og styret er svært dyktige på gjenbruk. Det må ein vere når ein treng om lag 1700-1800 kostymer på eit år.
Skulen greier å få overskot på framsyningane, det går til å dekkje underskotet på drifta.
Siste åra har fleire elevar frå Ballettskulen delteke på Nasjonalballetten sin sommarskule, etter audition og skulen har hatt workshop med dansar frå Nasjonalballetten. Dette er ein stor inspirasjon for elevane. Elles har skulen kvart år tilbod om workshop utanfrå av profesjonelle dansarar.
Ballettskulen har vore to gongar med framsyningar i Skotland, siste gong representerte Ballettskulen Norge på Aberdeen International Youth Festival for Culture.

Lokalt stiller Ballettskulen opp ved ulike kulturarrangement, som opning av kunstutstillingar i Kunsthust, hos Næringskonferansen for Søre Sunnmøre, under Øyralangs i oktober og Lysfesten i Ørsta i november. Dei to siste skjer utandørs etter mørket har lagt seg, så då stiler dansarane med kostymer med påsydde lys. Det er alltid vakkert, og svært mange kjem for å sjå på.
To gongar har Ballettskulen sett opp Nøtteknekkaren i samarbeid med Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. Då må ein til Operahuset på Eid, der har ein orkestergrav. Av økonomiske grunnar,
kan ein ikkje gjere det kvart år, og ein greier ikkje å gå med overskot på så kostnadskrevjande framsyningar. Då må Ballettskulen dekkje underskotet ilag med orkesteret. Sist gong, i 2024, leigde
Ballettskulen ein mannleg dansar knytt til Nasjonalballetten, dei andre rollene har skulen kompetente dansarar til sjølv. Kostyme til ”Prinsen” lånte Ballettskulen av Opera Kristiansund. Det er fint med
gode naboar.
Annakvart år reiser Ballettskulen på studietur til London, der dei får undervisning i dans, ser musikalar og vitjar andre flotte plassar i England sin hovudstad. Desse turane må elevane sjølve skaffe midlar
til.

På desse førti åra har om lag 30 tidlegare elevar gått vidare med utdanning innan dans. Ikkje alle har dansen som leveveg, men alle er heldige å ha med ballasten dans gir, uansett kva yrke du går inn i.
I desember feira Ballettskulen ført år med dans, alle elevane var med.
Styret i Ørsta og Volda Ballettskule håper eventyret vil halde fram i
mange år.
Synnøve Rekkedal Hill
-styreleiar-



Comments