I bevegelse
- DANSEKRAFT

- Sep 18
- 5 min read
Velkommen til vår nye spalteserie I bevegelse. Her blir du kjent med menneskene som er med på å forme dansefeltet i Møre og Romsdal. Hver måned møter vi en ny stemme- en danser, pedagog eller kunstner som deler sin historie, sitt engasjement og sitt perspektiv på dansen.
Denne gangen møter vi dansekunstner Solveig Styve Holte. Hun er akkurat nå i en intens innspurt med å ferdigstille sitt PhD-arbeid i koreografi ved Avdeling Dans ved Kunsthøgskolen i Oslo. Sluttpresentasjonen, med tittelen Å veve tid, vises på KUBE og under Høstscena neste uke.

– Kan du fortelle litt om deg selv og din bakgrunn i dans/kunst?
Eg arbeider som dansar, koreograf og er akkurat no i ferd med å avslutte ein Phd på avdeling Dans på Kunsthøgskulen i Oslo. Eg er utdanna frå Den Norske Balletthøgskole, tatt eit fordjupingsår på Skolen for Samtidsdans og seinare ein master i koreografi på Khio utover mange inspirerande kurs og seminar i Oslo, Stockholm, København, Berlin, Tokyo, Amsterdam, Barcelona og New York. I Phd arbeidet mitt er eg eksplisitt oppteken av arkivmateriale og dansekunsten som del av vårt felles delte. Korleis vi hugsar eller kan hugse vår nære historie, om forholda mellom senter- periferi, kven har tilgang på kunstnerisk arbeid i dag og korleis koreografi kan vere ein praksis som ikkje berre er å sette rørsler i komposisjonar, men ein overordna kritisk praksis som organiserer kven, kva, korleis og når ein kunstnerisk arbeid vert til og møter publikum. Eg er interessert i å møte publikum utanfor teaterrommet og har difor presentert mange arbeid på museum og galleri som MUNCH, Nasjonalmuseet, Galleri Golsa, Podium, KIASMA og Henie Onstad Kunstsenter. I år har eg presentert arbeid utandørs og er interessert i det offentlige rom og naturen som ramme for nye koreografiske arbeid, men eg har også laga koreografiske arbeid for scenerommet som har vore presentert på Black Box, Dansens Hus, Dansehallarne, Rosendal, RAS, Weld osv. I alle kunstneriske arbeid er det tverrkunstneriske samarbeidet sentralt med komponistar, kostymedesign, lysdesign og visuelle kunstnarar. Eg er interessert i det relasjonelle og ser koreografisk tenking også som ein viktig leiarkompetanse.
– Hva jobber du med akkurat nå, og hva brenner du mest for i kunst- og dansefeltet?
Akkurat no er eg i ein intens innspurt med å få levere Phd arbeidet mitt på KUBE og Høstscena neste veke. Dette trur eg vert historisk, altså den første gongen eit Phd arbeid i kunstnerisk utviklingsarbeid vert levert i fylket vårt. Til Høstscena tek eg med meg to større arbeid, det eine «Røyster» hadde premiere i juni i år og som no skal vises i Byparken, dette er del av det fleirårige prosjektet YKS Ung der ungdom frå Ålesund, Nordfjord og Ørsta/ Volda er med som utøvarar saman med profesjonelle, Ole Morten Vågan og Sofia Jernberg står for musikken, Molly Raak kostymene og May Stene Fossheim er prøveleiar og Rina Rosenqvist med som dansar. YKS Ung er eit fleirårig prosjekt som både består av Opa Dansetrening for ungdom her lokalt som eg og May driv saman og for kunstproduksjon der ungdom vert tilsett i kunstnerisk arbeid. Dette kjem frå ein metode og interesse eg utvikla saman med koreograf Ingri Fiksdal i prosjektet Horde som vi skapte til opninga av MUNCH. Elles tek eg med meg «Frå Form til Famling» som hadde premiere på Henie Onstad Kunstsenter i 2023, og som vi no adapterer til KUBE i Ålesund. Verket går over 4 timar og tek utgangspunkt i arkivet etter norges første fri kompani Høvik Ballett og går inn i desse fragmenta og legge tilrette for ei fleirstemmig lytting der også andre parallelle historier frå samtida dukkar opp, mellom anna Mardølaaksjonen i Eikesdalen. Dansarane eg har utvikla arbeidet med er Magdalene Solli, Ilse Ghekiere, Terje Tjøme Mossige og Per Roar, Kristine Tjøgersen, Jan Martin Smørdal og Ane Marthe Sørlien Holen er komponistar og spelar live, Solveig Fagermo har kostyme og scenografi, Elisabeth Nilsson lysdesign, Kristin Skiftun er produsent og Nikolai Høgset lyddesigner. Eg tvilar på dette arbeidet som er så stort og mangeslunge vert spelt mange gongar, så dette er ei oppfordring om å ta turen til Ålesund neste helg.
Det er brenn mest for er at dans og kunst skal vere del av vårt felles delte i samfunnet vårt, eg drøymer om at vi kan møtes like naturleg over kunstopplevingar både som deltakarar og tilskodarar som vi i dag gjer når vi møtes på biblioteket eller idrettsstadioen. Dette er også årsaka til eg etablerte YKS- Ysteholen Koreografiske Senter i 2021 som eg håpar vi skal starte og bygge så snart Phd min er levert. YKS skal vere eit tverrkunstnerisk produksjon, formidling og visningsarena her på Sunnmøre og vere eit kompetansesenter i aksen mellom Bergen og Kristiansund.
– Hvordan opplever du danse- og kunstfeltet i Kristiansund og regionen?
Eg kjenner best til feltet gjennom deltakinga mi i styret i Dansekraft, eg har stor respekt for alt arbeidet Tendai og Operaen har lagt ned og gler meg til å besøke Normoria seinare i år. Eg håper YKS og Dansekraft som to kompetanseslynger på kvar side av fylke vårt kan gjere mykje spannande saman i framtida. Her på Sunmmøre opplev eg at infrastrukturen for dansekunst framleis er skral, få kunstnarar flyttar heim og det er ikkje mange aktørar å spele på, men eg opplev det samstundes er noko i endring og eg arbeider jo like godt med visuelle kunstnarar, forfattarar og komponistar som dansarar og det eksisterer eit felt her av vilje og skaparkraft som eg håpar eg gjennom prosjekta mine også styrkar.
– Har du et minne eller øyeblikk fra ditt arbeid som du husker spesielt godt?
Det er så mange, eitt var den utruleg fine stemninga då eg framførte Visir i 2020, dette var i august og det å kunne samles etter alt av nedstenging og isolasjon var så etterlengta. Eitt anna er starten av Frå Form til Famling, vi arbeidde så utruleg lenge med å realisere dette arbeidet og eg var så takksam då premiera kom, framsyninga på fire timar startar med at dansar Magdalene Solli setter i gong ei frase og dette første steget så kjende eg berre at om eg aldri meir får skape noko, så er eg så ufatteleg takksam for at dette vart skapt. Eg trur det er difor eg held på med dans, kunst og koreografi, fellesskapet i skapingsprosessane og felleskapet ein har når noko vert til og møter publikum.
– Hva ser du mest fram til denne høsten?
Eg ser sjølvsagt fram til å vere festivalkunstnar og å få levere neste veke og så gler eg meg til å kunne bry meg om litt fleire ting enn å ferdigstille doktograden min. Danse meir, henge meir med barna mine, vere ein god venn, invitere på middagsbesøk, lese bøker og så ha overskudd til å planlegge produksjonane som kjem i 2026 og alt livet som finnest post.doc
– Tre ord som beskriver hva dans betyr for deg:
Lyst, felleskap og motstandskraft
Tusen takk til Solveig for at du delte dine tanker med oss. Vi gleder oss til å følge deg videre, og lykke til med ferdigstillelse av Phd!
Les mer om Solveigs arbeide her: https://www.hostscena.no/program/aa-veve-tid-2025-09-24



Comments